Dagens bibelord

Hosea 12,1–7

Dagens bibelord 25.02.2026

Hosea 12,1–7

1  Efraim har omringa meg med løgn,
Israels hus med svik.
Men Juda held seg enno til Gud
og er trufast mot Den heilage.
2  Efraim gjeter vind,
jagar heile dagen etter austavind.
Han hopar opp løgn og vald.
Dei gjer pakt med Assur
og sender olje til Egypt.

3  Herren fører sak med Juda,
han vil straffa Jakob for hans ferd,
gjengjelda det han har gjort.
4  I mors liv heldt han bror sin i hælen,
som vaksen kjempa han med Gud,
5  han kjempa med engelen og vann,
han gret og bad om nåde.
I Betel møter Gud han,
og der talar han med oss.
6  Herren, allhærs Gud,
Herren er hans namn.

7  Og du skal venda attende ved hjelp av din Gud.
Hald fast på kjærleik og rett,
ha alltid von til din Gud!

Kilde: www.bibel.no